Blautkake og saft vart godt tatt i mot av elevane i klasse 1ST2 og av kontaktlærarar Ola Svein Resell og Jon Moen. Rektor Anders Talgø var og til stades når skolen spanderte kake som sjølvsagt var pynta med det norske flagg. Harald Polden vart Noregsmeister for tredje året på rad i individuell sparring, men Andrea Einmo Engdal leverte sin beste prestasjon nokon sinne med sølv i meisterskapet. Polden har i tillegg eit mønstergull for lag frå 2009.
- I Noregsmeisterskapet i sparring var berre gull godt nok for meg, seier Polden. Eg vil gjerne få takke trener Aleksander Aronsen. Han har vært helt utroleg dyktig, og har fungert som trener på tross av ein kneoperasjon i forkant av meisterskapet. I tillegg må eg takke idrettsmassør Tove Selnes. Eg hadde neppe teke gull utan hennar hjelp. Eg har slitt med baksida av låret i mange år, men Tove klarer å fikse den slik at eg ikkje får problem under meisterskap, seier Polden. – Nå må du ikkje glømme å skryte av pappaen din, skyter sølvvinner Engdal inn. Kjell Gunnar Polden er primus motor i Taekwon-do klubben i Surnadal, og fungerer også som trener for både sonen Harald og Andrea. Kjell Gunnar sin innsats skal nok ha mykje av æra for at Surnadal taekwon-do klubb vart den 3.beste klubben i Noregesmeisterskapet i Bergen.
Andrea Einmo Engdal er svært godt fornøgd med eigen prestasjon i NM - Utrolig artig med sølvmedalje i noregsmeisterskapet. Dette var min beste prestasjon nokon gong, smiler Engdal som vil fortsette å arbeide hardt framover.
– Nå er målet mitt å få svart belte, og deretter prestere så godt som muleg med det. Polden sikter hakket høgare – For meg er målet å ta medalje i EM i Slovenia våren 2012. Det trur eg skal være muleg, seier gullvinnaren.