Elevane fekk ei orientering om kva tilbod skolen kan gje dei her på skolen. Det lokale næringslivet fekk og høve til å presentere tilbodet sitt, og fortelje kva dei er på utkikk etter når det gjeld arbeidskraft.
På orienteringa om Vg2 Helsefagarbeider møtte vi Linda Kirkholt frå Rindal. Ho fekk prøve å teste blodsukkeret på Hanne Børset, som er elev på det programområdet i år. Linda kan fortjelje at ho kjem til å søkje enten Helse- og sosialfag eller Studiespesialisering på Surnadal vidaregåande skole.
Mali Løset er og frå Rindal. Ho var "prøvekanin" da biologielev Eirin Polden skulle demonstrere korleis ein bestemmer blodtype. Mali vil meir enn gjerne kome tilbake til Surnadal vidaregåande skole som elev til hausten. Ho vil truleg søkje Studiespesialisering med språk, samfunnsfag og økonomi.
Søknadsfrist for dei som søkjer om inntak med behov for spesialundervisning, lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga eller opplæringskontrakt er 1.februar 2011.
For dei som søkjer om ordinært inntak til vidaregåande skolar og formidling til bedrift er søknadsfristen 1.mars 2011.