Operasjon Dagsverk 2011

Publisert 12. oktober 2011 14:12:07 av Mari Vattøy
Skolen er også i år påmeldt Operasjon Dagsverk. OD er elevane sin solidaritetsaksjon og rektor Anders og elevrådsleiar Jo oppfordrar i brev til alle elevane ønskje om at dei deltek i aksjonen. OD-dagen er torsdag 27. oktober.

I år går pengane til skolegang til ungdom og med ekstra fokus på jenter i 2 distrikt i Rwanda. Plan Norge er samarbeidsorganisasjon i år. Minstepris for
eit dagsverk er kr 400,-.

Dersom nokon som les dette ønskjer å støtte aksjonen, kan de ta kontakt med skolen på tlf 71 65 52 20, og Skolekomiteen kan vera til hjelp for å skaffe
arbeidskraft (det er vanlegvis nokre elevar som ber skolekomiteen hjelpe dei med arbeid).

I skolekomiteen er Vegard Bredesen, Håkon Mikkelsen og Olav Mogstad.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.