Rektor deltok på Trondheimstreffet 2011

Publisert 31. mars 2011 14:33:46 av Mari Vattøy
Kommunane Surnadal, Rindal og Halsa samarbeider om prosjektet blinordmoring.no, som har som mål å få ungdom til å kome heimatt til bygda etter endt utdanning. Rektor Anders Talgø fortalte om behovet skulen har for kompetanse dei kommande åra.

Årets treff vart arrangert 30.mars på Brittannia Hotell. Rundt 50 gjester og 40 arrangørar fekk høyre mange gode historier og opplevingar frå personar i Surnadal, Rindal og Halsa. Alle hadde mykje godt å seie om det å bo på bygda. Surnadal vidaregåande skole var representert ved rektor Anders Talgø. Det er ingen hemmelighet at det i løpet av få år vil bli eit stort behov for lærarar, da fleire av våre tilsette er godt vaksne...Så kanskje vil nokon av gjestane bli å treffe på skolen om nokre år?

I vedlegget kan du sjå plakaten som Talgø viste fram til forsamlinga på Brittannia.

 

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.