Websøk er produktet som gjer bibliotekets baser tilgjengelig for søking via internett. På framsida på heimesida vår kan du sjå logoen til websøket øverst til høgre. Klikk på denne, og du kjem direkte til søkemotoren. Prøv websøk her . Ein link til denne sida ligg også under bibliotek på heimesida. I websøket kan du søkje opp titler på bøker, DVDar, lydbøker osv. Du kan også søkje på forfattar, medietype og tittel.
Ein annan funksjon i websøket heiter MappaMi. Der har du full oversikt over dine lån og reserveringar. Du kan fornye dersom ingen står på venteliste, du kan gå til søk i basen for å reservere, be om å halde av - og ikkje minst: du kan lage ein interesseprofil slik at du får melding pr. epost når noko nytt er komme til biblioteket. Dette kreves at du er registrert som låner og fått lånekort. Alle brukere av biblioteket skal no få nytt lånekort. Dette lånekortet er eit nasjonalt felles lånekort som kan brukast i alle bibliotek i heile landet. Disse lånekorta har enda ikkje komme til biblioteket vårt, men vi håper og trur at dette skjer i løpet av få dagar. Om du allerede har eit slikt lånekort, så kan du sjølvsagt bruke dette på skolebiblioteket. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette så fort lånekorta er på plass.
Det vil nok vere litt rotete i biblioteket ei stund framover. Vi skal flytte om på mange bøker og sette dei inn i eit nytt system. Men det skal bli veldig bra til slutt!
Om du treng hjelp med søkinga, eller å finne fram i biblioteket, så er vi på kontoret her for å hjelpe dykk.
Til slutt vil vi informere om at vi får stadig nye bøker og DVDar i skolebiblioteket. Mellom anna så ventar vi på ei stor bestilling av DVDar. Dette er gode filmar som du berre må sjå. Vi kan f.eks nevne Ringenes Herre, Harry Potter, Bridget Jones dagbok, D-dagen, Kamilla og tyven, Da Vinci koden, Pelle og Proffen, Borat, Veiviseren, Schindlers liste, Walk the line, Flåklypa Grand Prix og mange fleire.
Så ta turen innom skolebiblioteket!