Solveig 60 år!

Publisert 22. oktober 2007 14:12:13 av Mari Vattøy
Måndag 22.oktober fylte Solveig Andreassen 60 år, og det vart markert med både gaver og kaker. Overraskelsen var stor da ein gjeng elevar kom inn på personalrommet.

Elevane hadde kjøpt ei marsipanstang og pynta den med seksti lys! Dei kom marsjerande inn på personalrommet og song bursdagssongen til Solveig. Alle som var tilstade fekk nok ein klump i halsen, og hedersgjesten mista nesten munn og mæle. No vil ho gjerne få takke elevane:

Til elevane
Takk for at de gjorde stas på meg på gebursdagen min. Eg vart både glad og rørt.
Helsing Solveig.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.