Du kan få stipend og lån til vidaregåande opplæring så lenge du har ungdomsrett etter opplæringslova.Ungdomsrett betyr at du har rett til vidaregåande opplæring i tre år etter ungdomsskolen (eventuelt fleire år om utdanninga varer lengre).
Stipend er pengar du ikkje må betale tilbake, medan du må betale tilbake lån. Du kan søkje om berre stipend, eller om både stipend og lån. Søknadsfrist for haustsemesteret er 15.november.
Alle som vil ha pengar frå Lånekassen, må sende inn ein søknad. Du får da automatisk dei stipenda du har rett til. Du kan søkje om lån i tillegg på den same søknaden.
Er du elev i VG2 og VG3, får du gratis lærebøker på skolen. I tillegg får du eit stipend frå Lånekassen til utstyr som du treng i opplæringa. Storleiken på stipendet er avhengig av kva utdanningsprogram du tek. Alle elevar med ungdomsrett får stipendet, same kor mykje foreldra dine tener.
Gå til VIGO her (passord og brukernamn har du fått utdelt på skolen)
Les meir på Lånekassen si nettside