Tiger Garté på besøk

Publisert 18. februar 2008 15:15:31 av Mari Vattøy
Måndag 18. februar var forfatter Tiger Garté på skolen vår for å halde eit litterært foredrag i auditoriet.

Einar Sødergren (bildet) var norsklæraren til Tiger da han var elev her på skolen. Måndag fekk Einar og fleire av elevane mange gode tips frå forfattarspiren frå Surnadal. Tiger Garte snakka mellom anna om kva ei god historie må innehalde, og korleis den skal byggast opp på ein god måte. Tilhøyrarane fekk óg sjå fleire klipp frå ulike typer filmer, som illustrerte det Garté snakka om. Tiger Garté studerer film og TV-produksjon på NTNU i Trondheim. I 2007 skreiv han sin første roman, Burnout, som vart svært godt mottatt av kritikerne.

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.