Vinner av quizen

Publisert 26. november 2009 13:51:18 av Mari Vattøy
Veronica i 10E på Surnadal ungdomsskole vart den heldige vinnaren av quizen som yrkesfag arrangerte under open skole tysdag 24.november.

Det var ingen som klarte å svare riktig på alle spørsmåla, så det vart trekt ut ein vinner av alle som deltok. Veronica i klasse 10E på Surnadal ungdomsskole får eit gåvekort på kino på Surnadal kulturhus. Premien blir overrekt over helga.

Her er svara på quizen:

1) Det er no 264 elevar på Surnadal vidaregåande skole

2) Surnadal vgs tilbyr desse fem utdanningsprogramma: Teknikk og industriell produksjon, elektrofag, helse- og sosialfag, studiespesialisering og bygg- og anleggsteknikk.

3) Du kan velje mellom fem programområder etter vg1 helse- og sosialfag.

4) For å gå vg2 byggteknikk, må du velje vg1 bygg- og anleggsteknikk.

5) For å bli elektriker må du først velje vg1 elektrofag, så vg2 elenergi og til slutt ut i læretid.

6) For å bli bilmekaniker må du velje teknikk- og industriell produksjon på vg1.

7) Forkortinga PTF står for "prosjekt til fordjuping".

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.