/ Forsiden / Elevtenester / Vegen vidare / Studiespesialisering vg3
Dei elevane som no nærmar seg avslutninga på vg3, skal nok ein gong ta eit stort og vanskeleg val. Dei skal ofte halde fram på høgare studier, ta eit val om yrke og kanskje flytte bort frå nærmiljø og foreldre. Kort sagt prøve å ”stå på eigne bein”.
Eg vil nedanfor prøve å gje litt informasjon som kanskje kan gjere valet lettare. Eg kan sjølvsagt ikkje bestemme kva den enkelte skal bli, men hjelpe til å skaffe informasjon om utdanningsvegar og yrke. I tillegg til den informasjonen eg har skrive her, er alle elevar velkomne til rådgjevarkontoret for å få ytterlegare informasjon. Eg har inga fast kontortid, men er tilgjengeleg heile tida dersom eg ikkje har undervisning. Er eg ikkje å treffe på kontoret, kan elevane også henvende seg i resepsjonen for å gjere ein avtale.
Surnadal videregående skole vil dette skoleåret arbeide etter denne plana for å gje informasjon til elevane:
September 2011: Skoletest / informasjon om Søkerhåndboka / inntakskrav
November / desember 2011: Individuelle samtalar
Februar 2012: Studieorientering av høgskolar / universitet
Utdanningsmesse i Trondheim ( kanskje )
Mars 2012: Informasjon om Søkarhandboka
Mars / april 2012: Individuelle samtalar
Søkehjelp ( SØKNADSFRIST 15. APRIL )
Mai 2012: Oppfølging av søknad: omslagsark, omprioritering….
Eg hadde håpa at Skoletesten i september hadde ”utløyst” nokre tankar om kva ein skal gjere vidare. Fleire vil kanskje oppdage at dei ønsker meir informasjon og at dei hadde tatt kontakt med rådgjevar for å få hjelp. For å følgje opp denne ideen har eg satt opp individuelle samtalar. Vi kan da kanskje fått avklart nokre spørsmål og nye kan dukke opp. Dette er heilt normalt! Eg håpar imidlertid å unngå at elevar tek sine val på rein impuls like før søknadsfristen utløper den 15. april. Vala bør vere best mogleg gjennomtenkte og reflekterte.
Ein ny runde med informasjon vil elevane få i byrjinga av februar. Da vil skolen få besøk frå ein rekkje høgskolar og universitet.. Vi veit ikkje kven som kjem i år, men meiner at det stort sett blir dei same som sist skoleår. Da deltok NTNU, UiO, UiB, UMB, HiST, HiÅ, HiM, HVO,HSF, Forsvaret, BI og Folkehøgskolene. Også Statens Lånekasse for Utdanning vil ha eit innslag. Programmet for dagen vil elevane få når skolen mottek dette.
I februar 2012 er det ei stor utdanningsmesse i Trondheim. Om elevene skal kunne delta her, har skolen ennå ikkje bestemt. Vi vil kome tilbake med informasjon om dette.
Nettadressa til heimesida er www.tautdanning.no
I perioden mars og fram til 15.april vil ein måtte ta det endelege valet og fylle ut søknadsskjemaet. Eg vil da innkalle alle til ein ny samtale slik at alle skal vere sikre på søkerprosessen. Eg vil også orientere om dei ulike fristane og korleis ein fyller ut søknadsskjemaet. Søkarhandboka som skal vere grunnlaget for denne prosessen, vil antageleg ikkje kome før i februar / mars. Søkarhandboka for 2011 kan elevene finne på heimesida til Samordna Opptak. Nettadressa er: http://www.samordnaopptak.no/info/
Kva skal vere avgjørande ved eit val?
Vi kan alle ha våre draumar om eit framtidig yrke, men du må prøve å ha realisme i dine val. Ikkje alle kan bli profesjonelle fotballspelarar, legar eller liknande. Du må tenkje gjennom kva du har lykkast med og kva du trivst med så langt i livet ditt. Det er du som kjenner deg sjølv best. I tillegg kan du hente informasjon frå foreldre, venner, lærarar osb. Du kan også få nokre idear ved å gjennomføre ulike testar.
Når du har summert opp denne informasjonen, har du kanskje danna deg eit bilete. I tillegg kan du også vektleggje utveklingsmoglegheiter, arbeidsforhold som miljø / kollegaer og moglegheitane på arbeidsmarknaden. Dette kan det vere vanskeleg å skaffe seg informasjon om, men kanskje du har nokon som kjenner nokon …….
Det er vanskeleg å spå om framtida, og dette gjeld også utveklinga på arbeidsmarknaden. Eg har prøvd å finne nokre gode lenker som kan gje informasjon om arbeidsmarknaden, men desse er vanskeleg å finne. Når det gjeld Møre og Romsdal, kan du finne nokre trendar her:
Kva så med lønnsnivå ? Eg trur at dei fleste yrke i Norge i dag har så godt lønnsnivå at det er mogleg å leve av den. Det er også feil å fokusere for mykje på lønn. Mange undersøkingar har vist at det er andre komponentar som er meir avgjørande når ein skal velje seg eit yrke for framtida.
Dei elevane som går på vg3, skal normalt søke seg vidare til høgskolar og universitet innan 15. april. Dei skal da logge seg inn på Samordna Opptak og nytte ein ”samlesøknad” for alle offentlege høgskolar og universitet. På nettsida til Samordna Opptak, er det også lagt ut ein del informasjon om inntakskrav om fag, poengkrav, antall studieplassar osb. Du finn også ein link til Inntaksforskrifta. Det er også lagt ut ein link til Søkerhandboka som gjev mykje viktig informasjon.
Samordna Opptak:
http://www.samordnaopptak.no/info/
Forskrift om opptak til høgare utdanning:
http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20070131-0173.html
Søkerhandboka 2011: http://www.samordnaopptak.no/info/soeking_opptak/soekerhandboka/Sokerhandbok-2011.pdf
Samordna Opptak nyttar ein til offentlege høgskolar og universitet i Norge. Skal du søke andre skolar, har desse ofte sine eigne søknadsskjema på sine heimesider.
Vegen fram til høgskole- og universitetsval, er noko ein må begynne å reflektere over alt i vg1. For å hjelpe elevene i gang, har alle elevane i vg1 på studiespesialiserande gjennomføre Skoletest. Dette er ein interesse- og ferdigheitstest som kan gje elevane hjelp til det endelege valet. Det ligg også liknande testar på internett, til dømes på NAV.
Skoletest er ein test som skolen har brukt i mange år med godt resultat. Også denne testen ligg på internett, og elevane får tildelt brukarnamn og passord. Testen blir også gjennomført tidleg på vg3 under instruksjon av rådgjevar. Ein kan også ta testen seinare i skoleåret. Har du ikkje lenger passord og brukarnamn, kan du ta kontakt med rådgjevar.
Skoletest gjev ikkje noko fasitsvar på kva ein elev skal velje, men er meint å vere eit utgangspunkt for ein refleksjon. I løpet av denne refleksjonsprosessen stiller elevane seg mange spørsmål. Rådgjevar er sjølvsagt tilgjengeleg for å svare på mange av desse spørsmåla, men mange elevar søkjer også sjølv på internett. Nedanfor har eg laget ein oversikt over nettstader som eg meiner er gode:
http://www.studievalg.no/index.php?gohome=1
http://www.velgriktig.no/ ( mest for realfaga )
http://www.denvirkeligeverden.no/ ( mest for realfaga )
http://www.nito.no/utdanning ( informasjon om ingeniøryrka )
http://okadmstudier.no/ ( utdanning innan økonomi / administrasjon )
http://www.skole.no/ ( her finn du ulikt stoff om skule )
Du finn sikkert mange andre nettstader som gjev god informasjon, men det er desse eg personleg brukar mykje !
Studier i utlandet
Fleire elevar vurderar å studere i utlandet. Dette kan ein gjere ved anten å ta heile studiet i utlandet eller berre delar av det. Skal ein ta heile studiet i utlandet, er det lurt å søkje informasjon på www.ansa.no. Søknadsfristar og inntakskrav vil variere frå land til land, så det er vanskeleg å lage ei fullsendig oversikt over dette. Dei elevane som er interesserte, kan derfor kome på kontoret til rådgjevar for å få meir informasjon.
Flere høgskolar og universitet har også tilbod til studentane om å ta hele eller deler av studiet i utlandet. Informasjon om dette ligg på heimesidene til dei ulike skolane.
Andre aktuelle sider :
http://siu.no/no/Utdanningsnivaaer ( mye om internasjonal utveksling og lignende )
http://www.utenlandsstudier.no/ ( bra om å studere i utlandet )
Bolig / hybel
Du får vite kva for studium du får starte på mot slutten av sommerferien. Hovudopptaket var i 2011 den 20. juli og svarfristen den 26. juli. Mange ventar med å skaffe seg bolig til ein veit kva ein skal starte på. Har du gode karakterar og veit at du er kvalifisert for studiet, kan du sjølvsagt starte tidlegare med å skaffe deg ein bolig. Tildeling av studenthyblar på ”studentbyane” vil imidlertid ikkje skje før hovudopptaket er ferdig. Mykje informasjon om boligar / hyblar i Trondheim finn du på www.sit.no. Dette er ein studentsamskipnad som hjelper studentane med mange praktiske ting. Liknande ordningar finn ein i dei fleste stader som har eit utdanningstilbod.
Folkehøgskole
Om du ønsker eit friår frå vanleg skole kan ein folkehøgskole vere eit alternativ:
http://www.folkehogskole.no/ ( Folkehøgskoler i Norge )
http://www.hojskolerne.dk/ ( Folkehøgskoler i Danmark )
http://www.kansanopistot.fi/index_sve.html ( Folkehøgskoler i Finland )
http://www.folkhogskola.nu/ ( Folkehøgskoler i Sverige )
Heimesida til Surnadal vgs.
Eg vil til slutt reklamere for skolens heimeside der vi vil prøve å legge ut ny og oppdatert informasjon om emnet kontinuerleg. Nettadressen er: www.surnadal.vgs.no.


