/ Forsiden / Nytt frå biblioteket
Skolebiblioteket har vore noko forsømt i haust. Ein av grunnane er at vi ventar på nytt dataprogram. Når det kjem, må vi nok også gjera nokre forandringar i plasseringa av bøkene.
Det er også grunnen til at basisgruppene enno ikkje er invitert til orientering om skolebiblioteket dette skoleåret.
Men medan vi ventar, kan vi bruke skolebiblioteket som vanleg. Mari og underteikna vil vera til hjelp dersom de vil finne event. låne bøker.
Hausten er også sesong for nye bøker. Vi har no plassert ein del nyheiter til utstilling i biblioteket. Ikkje alt er skreve i år, men det er likevel nyheiter i biblioteket vårt.
Du kan bl.a. finne mykje nytt i ungdomslitteratur. Gyldendal Forlag har laga ein ”pakke” som vi har kjøpt. Dette er lettleste bøker, og kan passe godt til deg som ikkje er så van med å lesa. Dersom du kjedar deg ein dag, kan løysinga på problemet vera å lesa ei bok.
Av ungdomslitteratur finn du
Ellinor Rafaelsen har laga ein Marte-serie. Første boka i denne serien heiter ”Marte flytter hjemmefra.” Hovudpersonen Marte er 16 år og skolelei, men heldigvis har ho fått sjansen til å ta seg eit friår for å jobbe som praktikant i Oslo. Den andre boka om Marte, heiter ”Marte og det søte liv.”
Erlend Loe har skreve ungdomsbok i år. Ho heiter Muleum og er skreve som dagboka til ei 18 år gammal jente som har mista foreldra og bror sin i flyulykke og av den grunn ikkje har lyst til å leva lenger.
Elles finn du bl.a.:
Artige er 4 bøker om barndommen til dei som vaks opp på 50-, 60-, 70- og 80-talet. Om ferie, klede, musikk, leiker osv. Her kan du finne mykje rart du sikkert synest er heilt fjernt i dag.
Som vanleg har det kome mykje ny, spanande krim (Nesbø, Lindell, Holt bl.a.).
For plantesamlarar og andre: Ny utgåve av Gyldendals store nordiske flora.
Pondus 7 lange og 7 breie kan du også finne.
Og sjølv om eg ikkje likar bilprogramma til Jan Erik Larssen, så reknar eg med at det er mange som likar dei godt. Boka ”broom Mitt liv med bil” kan vera interessant for nokre.
Enno har vi ikkje fått tak i Tiger Garté si ”Burnout”-bok, men vi håpar ho kjem snart!
Du som er brukar av skolebiblioteket, kan gjerne koma med tips om bøker de tykkjer skal vera i skolebiblioteket.
Helsing Inger Johanne


