MØRE OG ROMSDAL FYLKE
VGO
HANDLINGSPLAN MOT MOBBING
Herunder vold, rasisme og diskriminering
Bakgrunn:
Opplæringslova §1-2 :
- " Det skal leggast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom lærar og elevar, mellom lærlingar, lærekandidatar og bedrifter, mellom skole og heim, og mellom skole og arbeidsliv.
- Alle som er knytte til skolen eller lærebedriftene, skal arbeide for å hindre at elevar, lærlingar og lærekandidatar kjem til skade eller blir utsette for krenkjande ord eller handlingar".
Opplæringslova §9a –1 slår fast:
- "Alle elevar i grunn- og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring"
Opplæringslova § 9a-3 som omhandlar det psykososiale miljøet, seier at skolen aktivt og systematisk skal arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte elev kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør.
- " Dersom nokon som er tilsett ved skolen får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handling som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkomande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogeleg, sjølv gripe direkte inn."
Opplæringslova legg sterke føringar og gjer skoleleiinga ansvarleg når det gjeld å ha klare tiltak mot mobbing, vald og rasisme.
Lova peikar på at dette arbeidet skal foregå kontinuerlig og kvalitetssikrast jamt.
Sjølv om lova er klar på alle sitt ansvar i skolesamfunnet, vil skoleeigar med følgjande plan vise korleis ein vil følgje opp skolane i arbeidet for å sikre eit trygt skolemiljø for alle.
Handlingsplan:
- Gjere planen kjent på Møre og Romsdal fylke si heimeside.
- Presentere fylket sin handlingsplan for skolane si leiing, både skriftleg, og som presentasjon på samlingar med leiarane ( leiarsamling, rektormøte)
- Sørge for at det finnest ein handlingsplan for å følgje opp § 9a i opplæringslova ved alle vidaregåande skolar i fylket, og at denne blir gjort tilgjengeleg på skolane sine heimesider.
- Kvalitetssikre at tiltak mot mobbing, rasisme og diskriminering er å finne att i skolen sitt ordensreglement.
- Skolering av kontaktlærarane er eit av tiltaka i Fylket si mål og tiltaksplan. I denne skoleringa skal oppfølginga av §9a vere eit tema.
- Både elevundersøkinga og personalundersøkinga er obligatorisk for alle elevar og personalet i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal kvart år. Resultata frå denne skal innarbeidast i årlig kvalitets- og resultatsak for utdanningsutval og fylkesting.
- Møre og Romsdal har eit eige elev- og lærlingombod som gjennomfører besøk på alle dei vidaregåande skolane.
- Elevane skal få informasjon om at dei sjølve og deira føresette kan kontakte elevombodet i situasjonar som omhandlar deira fysiske- og psykososiale skolemiljø.
- Utdanningsavdelinga og elev- og lærlingombodet samarbeider kvar haust om ein konferanse for elevrådsleiarar for alle dei vidaregåande skolane. §9a i opplæringslova er eit av tema som kvart år skal stå på dagsorden på denne konferansen.
- Kvalitetssikre at skolane har sine eigne rutinar for handtering av brot på §9a-3 med bakgrunn i lova med forskrifter og merknader, samt vegleiar frå utdannings- og forskningsdepartementet : UDF april 2003.