/ Forsiden / Siste nytt / Ei lita melding ut på slutten av eit hektisk skoleår.
I den siste tida har elevar og lærarar vore opptatt med eksamen. Først var det skriftleg eksamen for alle Vg3- og dei fleste Vg2-elevane på studiespesialisering. Nokre få yrkesfagelevar har også vore oppe til skriftleg eksamen. Dei siste dagane har det vore arrangert eksamen (praktisk prøve) for alle yrkesfagelevane på Vg2. Og no held vi på med munnleg eksamen for alle elevane på Vg3 studiespesialisering.
Når det gjeld lærarane, er det også mange av dei som har fått opp elevgruppe til munnleg eksamen. Dei same lærarane og fleire med, er utsendt til andre vidaregåande skolar på Nordmøre og i Romsdal for å sensurere. Yrkesfaglærarar sensurerer kandidatar til praktisk prøve, og lærarar for fellesfaga og programfaga på studiespesialisering, sensurerer munnlege eksamenskandidatar. Fleire av lærarane våre er også sensorar til skriftleg eksamen, både sentralgitt (studiespesialisering) og lokalgitt (yrkesfaga).
Vi håpar og trur at dei aller fleste elevane blir fornøgde med resultatet. Og skulle nokon bli veldig skuffa, ikkje ver lei dykk lenge, - neste tog går til hausten (vi skal nok passe på at de får ein ny sjanse).
Elevane er no i gang med å levere dei lånte lærebøkene. Dersom de ikkje finn alt, leit godt i skuffer og skap, så slepp de å få faktura for tapet vårt.
Siste melding ut, er at vi trur vi er i rute med all dokumentasjon. Siste skoledag skal alle elevane få standpunktkarakterane sine, Vg2-elevane på yrkesfag får kompetansebevis, medan elevane på Vg3 studiespesialisering må vente nokre få dagar på vitnemålet sitt.


