/ Forsiden / Siste nytt / Grundercamp
Grundercamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskapning, og onsdag var altså Tingvoll vgs arrangør.
Elevane, som var delt opp i mindre grupper, fekk eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skulle presentere ei løysning på innanfor eit avgrensa tidsrom. Oppgåva gjekk ut på å byggje/planleggje eit økologisk hotell i Kristiansund.
Etter at alle gruppene hadde lagt fram sine planer for juryen, vart dei tre beste gruppene premiert. Ei av gruppene frå Surnadal vidaregåande skole fekk ein imponerande 2.plass, og fekk med seg 750 kroner heim. Vi gratulerer jentene med flott innsats. Skolen er stolte av dykk!
1.plassen gjekk til Tingvoll vgs, og Atlanten tok 3.plasssen. Vi gratulerer dei òg!
Omtrent femti elevar frå Surnadal, Tingvoll, Sunndal, Atlanten og Kristiansund deltok på Grundercampen.
Frå Surnadal vgs deltok Jorund Talgø, Ann Kathrin Moen, Helle Hansen Berg, Ingrid Moen, Eirin Polden, Ida Aakvik og Siv Beate Sæther. (Ida Aakvik var ikkje til stades da bildet vart teke)


