Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Grundercamp 2011

Grundercamp 2011

Tysdag 15. og onsdag 16.juni var det Grundercamp for vg1-elevane på Surnadal vidaregåande skole.

Campen startet med at elevane fekk utdelt oppgåve og delt inn i grupper. Tema og problemstilling var lik for alle gruppene: Skap ein forretningsidè og skriv ei forretningsplan på bakgrunn av ein ny idè til eit lokalt reiselivsprodukt. Det var "Opplev Trollheimen" som stor som oppdragsgiver bak problemstillinga.

Tysdag hadde skolen besøk frå fleire bedrifter, og elevane kunne spørje dei til råds undervegs.

Onsdag var kvar gruppe inne til dommararne for å leggje fram sitt prosjekt. Panelet bestod av Liv Dalsegg (Surnadal Sparebank), Maret Heggset (Surnadal Sparebank), Karin Åsbø (Vårsøg Hotell), Tor Rune Halset (Hammerstuene) og Lise Bjerknesli (studerer IT-støttet bedriftsutvikling). Etter at alle gruppene hadde lagt fram sine planer for juryen, vart dei fire beste gruppene premiert. 1.premien var 1000 kroner sponset av Surnadal Sparebank. 2.premien var gåvekort på Hammerstuene, 3.premien var pannebånd frå Go'klompen gjeve av Surnadal kommune og 4.premien eit gåvekort på Kårvatn fjellutstyr.
Den gjevaste premien gjekk til gruppa som hadde ei plan om lage ein guideapplikasjon som viser fine tur- og aktivitetsmoglegheiter i Trollheimsområdet.

På vinnarlaget var Espen Holseng, Erlend Mogstad Hoel, Anna Olsvik og Mattis Fiske.