Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Hospitering

Hospitering

I november, desember og januar har Surnadal vidaregåande skole besøk av 10.-klassingar frå ungdomsskolane i Halsa, Valsøyfjord, Rindal og Surnadal.

Dei som vil hospitere hos oss, vel seg ut eit utdanningsprogram og deltek i ein klasse i to skoledagar (elevar frå nabokommunane) eller ein dag (surndalingane). I tillegg får dei ei orientering om og omvising på skolen, og eit møte med rådgjevar med orientering om vidaregåande opplæring og vegar vidare.

I tillegg til at dei gjennom ordninga skal få eit innblikk i vidaregåande opplæring, ønskjer vi sjølvsagt også å presentere skolen vår på ein positiv måte, slik at elevane vel oss og kjem att til hausten. Vi har alt gjort unna besøka frå Halsa kommune, rindalingane blir ferdig rett etter jul, deretter er det 10.-klassingane frå Surnadal ungdomsskule sin tur.

I tillegg til presentasjon av vidaregåande skole gjennom hospiteringsordninga, blir det som ein del av studie- og yrkesorienteringa arrangert open skule for 10.klassingane i dei nemnte kommunane i slutten av januar (dato ikkje klar enno).