Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / INNTAK TIL SKOLEÅRET 2007/2008

INNTAK TIL SKOLEÅRET 2007/2008

Svarfrist for 1. inntaket var 16. juli. Dersom du har spørsmål til inntaket, kan du nå inntakskontoret i Molde på telefon 71 25 87 75 mellom kl. 10 og 13.

Melding om 2. gongs inntak vil komme ca. 6. august, med svarfrist 9. august.

Skolestart for elevane er måndag 20. august kl. 09:00. Lærarane startar med kursdag onsdag 15. august. (Nytilsette lærarar blir inviterte til eit orienteringsmøte på skolen tysdag 14. august kl. 13:00.)

På grunn av ferieavvikling vil det ikkje vere bemanning på kontoret no før 1. august.

Etter 1. inntaket viser det seg at det er stor søknad til skolen i år. Omlag 260 elevar har fått plass, og nokre står på venteliste. Eldre elevar utan rett blir ikkje teke inn på førsteinntaket. Men det kan vere håp i 2. gongs inntak.

For Vg1 er situasjonene slik:

  • 12 inntekne på Bygg- og anleggsteknikk
  • 20 inntekne på Helse- og sosialfag
  • 54 inntekne på Studiespesialisering
  • 26 inntekne på Teknikk og industriell produksjon

Det er ventelister på alle Vg1-programma.

På Vg2 er det tilsammen 80 inntekne og 5 på venteliste. Det gjeld programma:

  • Byggteknikk
  • Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Helsearbeidarfag
  • Transport og logistikk
  • Produksjons- og industriteknikk
  • Realfag (studiespesialisering)
  • Samfunnsfag og økonomi (studiespesialisering)
  • Språkfag (studiespesialisering)

75 - 80 elevar har fått plass på 3. året (VKII Allmenne fag, VKII Allmennfagleg påbygging og VKII Automatikkmekanikarfaget).