Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Konsert i Storstuå

Konsert i Storstuå

Torsdag 4.september kl 11.00 er alle elevar og lærarar invitert på konsert i Storstuå på Surnadal kulturhus.

Med føtene solid planta i pop-, rock-, jazz-, RnB- og soultradisjonen syng dei seks vokalistane i den danske gruppa BASIX seg rett inn i hjartet på publikum. Gruppa presenterer eit program som er laga for framføring på skolar, og elevane vil få høyre kjende låtar i ny innpakking samt nye låtar framført med glimt i auget, sjarm og vokale prestasjonar som er heilt spesielle! Gruppa har seld til platina i Danmark som første vokalgruppe, og ho har motteke prisar både innan- og utanlands.

Fylkeskulturavdelinga bestiller og dekkjer leige av kulturhus som spelestad for denne produksjonen. I dei tilfella der det er avtalt spelestad på skolen sitt område er skolen ansvarleg for å legge til rette for utøvarane på ein best mogleg måte slik at arrangementet kan gå som planlagt. For skolar som treng transport så dekkjer Fylkekulturavdelinga dette for denne produksjonen. De må sjølve bestille transport, men rekninga kan sendast til Fylkeskulturavdelinga.

Medverkande

Christoffer Brodersen - Sanger

John Kjøller - Sanger

Niels Nørgaard - Sanger

Anders Ørsager - Sanger

Peter Bach - Sanger

Toke Wulf - Sanger

FaktaArrangert av: Møre og Romsdal fylke Arena/rom: Kulturhus eller liknande Programlengde: 40 min