Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Kultursekken

Kultursekken

Som ein del av "Kultursekken" i Møre og Romsdal, får skolen vere med på to ulike opplevingar i løpet av mars måned.

8.mars kjem humorgruppa "Queendom" til Surnadal kulturhus. Det er ei Oslo-basert humorgruppe som består av norsk-afrikanske kvinner. Gjennom artige sketsjer, tankevekkande dikt og fengande musikk får dei oss til å le, danse- og tenkje. Les mer om Queendom her.

17.mars får skolen besøk av Eirik Andreas Sandaker (27) og Tor Fredheim (63). Dei spør: Korleis skal vi klare å formidle kjærleik? Vi får sjå Sandakers dokumentarfilm, "Kjærlighetens valg", som handlar om homofili. Har alvoret forsvunne inn i homsepatruljer og karnevalsopptog? Det er eit av spørsmåla Tor og Eirik tek opp til diskusjon etter filmen.