Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / KUNNSKAPSLØFTET OG 2. FRAMANDSPRÅK

KUNNSKAPSLØFTET OG 2. FRAMANDSPRÅK

For elevar som fullfører 10. årstrinn skoleåra 05/06, 06/07 og 07/08 gjeld overgangsordningar i vidaregåande skole.

Elevar som begynner på vg1 studiespesialisering hos oss hausten 06 med tysk eller fransk som tilvalsfag frå ungdomsskolen, kan

- fortsetje på nivå II i tysk eller fransk, dersom dei har hatt faget på ungdomsskolen

eller

- begynne på nytt på nivå I i tysk eller fransk, sjølv om dei har hatt faget på ungdomsskolen

eller

- bytte språk i forhold til det dei hadde på ungdomsskolen og begynne på nivå I i tysk eller fransk.

Elevarsom begynner på vg1 studiespesialisering hos oss hausten 06 utan tysk eller fransk som 2. framandspråk frå ungdomsskolen, må

- ta tysk eller fransk på nivå I (minst ha tysk eller fransk i 2 år).

Fullstendig informasjon om både overgangsordningane og dei endelege ordningane i Kunnskapsløtet finst i Rundskriv F-003-06 frå Kunnskapsdepartementet.