/ Forsiden / Siste nytt / Nytt frå skolebiblioteket
Vi har no fått nytt datasystem for skolebiblioteket. Det krev også at vi omplasserer ein god del bøker. Dette held vi på med innimellom, så det kan nok sjå noko rotete ut iblant.
Vi har også tinga nye lånekort som ein kan bruke på alle biblioteka i heile Noreg. Desse skal begynne å over jul.
Elles har det kome mange nye bøker. Dei står i stativa nærast resepsjonen.
Det er romanar for vaksne og romanar som er spesielt skreve for ungdom. Av dei siste nemner eg bl.a.
Hilde Hagerups Bittet som handlar om Jonas Nilsen. Jonas er ein sår, desperat gut som ofte er usympatisk. Likevel blir vi som lesarar svært glad i han. Boka startar med å fortelje at mor til Jonas sit i fengsel.
Kjersti Scheen har skreve ei bok som heiter Emma3 og Tore Hund. Emma møter ToreHund på nettet, og da kan mykje skje.
Himmelstøv av Mariangela Johansen Cacace er ein roman om spiseforstyrringar. Det er også ein roman om drømmar, forelskelse, vennskap m.m.
Dersom du ikkje likar lange forteljingar, kan du kanskje prøve deg på ei kortare. Du kan også finne nye novellar i biblioteket.
Vi har også nye lettlestbøker på fransk og tysk (dersom ein kan kalle framande språk for lett).
Du kan også finne bøker om romalderen, om klimaendringar, om ungdom og sex eller strikke-oppskrifter m.m. Vi har skaffa oss ei stor, fin fuglebok, visebok, nye biografiar og mykje meir.
Vi har mange DVDar til utlån. Dei finn du no i biblioteket. Disse har ei lånetid på ei veke.
Og til slutt nemner vi Tiger, den gamle eleven vår. Boka hans har naturlegvis fått plass i
skolebiblioteket.
Stikk innom skolebiblioteket og lån deg ei bok til juleferien!


