Right menu

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31    
 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / Open skole

Open skole

Tysdag 25.januar arrangerte Surnadal vidaregåande skole open dag for 10.klassingane i Halsa, Rindal og Surnadal.

Elevane fekk ei orientering om kva tilbod skolen kan gje dei her på skolen. Det lokale næringslivet fekk og høve til å presentere tilbodet sitt, og fortelje kva dei er på utkikk etter når det gjeld arbeidskraft.

På orienteringa om Vg2 Helsefagarbeider møtte vi Linda Kirkholt frå Rindal. Ho fekk prøve å teste blodsukkeret på Hanne Børset, som er elev på det programområdet i år. Linda kan fortjelje at ho kjem til å søkje enten Helse- og sosialfag eller Studiespesialisering på Surnadal vidaregåande skole.

Mali Løset er og frå Rindal. Ho var "prøvekanin" da biologielev Eirin Polden skulle demonstrere korleis ein bestemmer blodtype. Mali vil meir enn gjerne kome tilbake til Surnadal vidaregåande skole som elev til hausten. Ho vil truleg søkje Studiespesialisering med språk, samfunnsfag og økonomi.

Søknadsfrist for dei som søkjer om inntak med behov for spesialundervisning, lærekontrakt med unntak frå opplæringsordninga eller opplæringskontrakt er 1.februar 2011.

For dei som søkjer om ordinært inntak til vidaregåande skolar og formidling til bedrift er søknadsfristen 1.mars 2011.