Right menu

 

Informasjon

Surnadal vidaregåande skole 6650 Surnadal
E-post til skolen
Telefon: 71655220
Fax: 71655221
september 2010
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30    
 

 

banner

/ Forsiden / Siste nytt / PC ordninga skoleåret 2008/2009

PC ordninga skoleåret 2008/2009

Komande skoleår vil elevane kunne velje om dei vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til dei, eller få eit økonomisk tilskott for å kunne kjøpe eigen PC.

Det er vedteke at PCar skal nyttas som hjelpemiddel i undervisninga i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal. Alle elevar skal difor disponere eigen berbar PC.

Kommande skoleår vil elevane kunne velje om dei vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til dei, eller få eit økonomisk tilskott for å kunne kjøpe eigen PC. Elevar som vel å nytte fylket sitt tilbod vil få utlevert PC-en på skolen ved skolestart.

Lånekassa yter eit utstyrsstipend til alle elevar i vidaregåande opplæring. Stipendet er for tida på kroner 850. Dei elevane som vel å nytte tilbodet om skole-PC frå Møre og Romsdal Fylke vil kvart skoleår bli fakturert for eit beløp svarande til dette utstyrsstipendet, altså kroner 850 for skoleåret 2009/2010.

Eleven disponerer PC-en fritt både i skole- og fritid innafor dei reglane som vert fastsett for bruk av skole-PC-en. Faktura vert sendt ut omkring 1. oktober. Når dei er ferdig som elev etter tre år, får dei meg seg PC-en. Sluttar eleven tidlegare vil han kunne kjøpe ut PC-en.

Detaljer om den berbare PC-en som fylket kjøper inn vil ikkje vere klar før om lag 1.juli 2009. Ein vil leggje vekt på at PC-en er robust, har god batterikapasitet og ei vekt som gjer at den blir grei å transportere. Skjermstorleiken vil bli ein stad mellom 10 og 15 tommar.

Elevar som heller vil kjøpe/nytte eigen PC vil få utbetalt eit tilskot svarande til nettoprisen (eks.moms). Dette tilskottet frå fylket vert utbetalt omkring 15.september 2009.

Vi gjer oppmerksom på at det kan kome endringar.