/ Forsiden / Siste nytt / Rektor deltok på Trondheimstreffet 2011
Årets treff vart arrangert 30.mars på Brittannia Hotell. Rundt 50 gjester og 40 arrangørar fekk høyre mange gode historier og opplevingar frå personar i Surnadal, Rindal og Halsa. Alle hadde mykje godt å seie om det å bo på bygda. Surnadal vidaregåande skole var representert ved rektor Anders Talgø. Det er ingen hemmelighet at det i løpet av få år vil bli eit stort behov for lærarar, da fleire av våre tilsette er godt vaksne...Så kanskje vil nokon av gjestane bli å treffe på skolen om nokre år?
I vedlegget kan du sjå plakaten som Talgø viste fram til forsamlinga på Brittannia.


