Publisert 27. august 2007 14:18:09 av Mari Solli
I samband med årets kommune- og fylkestingval arrangeres det valdebatt tysdag 28.august klokken 09.00 i kantina. Alle elevane ved skulen skal vere tilhørarar.
Alle parti stiller med ein representant i valdebatten, og vår eigen Nils Andreas Egeness skal vere ordstyrar. Her vil ein debattere ei rekkje politiske spørsmål, og tilhørarane får anledning til å spørje panelet om dei lurar på noko. Partia stiller med følgjande kandidater i valdebatten:
- SP: Erik Mogstad
- RV: Renate Handal
- AP: Sissel Larsen
- SV: Agnes Bridge Walton
- Høyre: Paul Joakim Sandøy
- KrF: Palmer Vikan
- FrP: Marit Kringlebotn
- Venstre: Trond Riise
- Måndag 3.september frå 10 - 12 er det skuleval. Då kan elevane gå til valurnane for å avleggje sin stemme. Resultatet av valet vil da bli sendt til Norsk samfunnsvitenskapeleg datateneste kor alle resultat frå alle skuleval blir behandla.
- Måndag 5.september er det muleg for elevar og tilsette å førehandsrøysta på skulen. Husk å ta med legitimasjon og valkortet ditt. Representantar frå Surnadal kommune vil vere til stades denne dagen.
VI ØNSKJER GODT VAL!