/ Forsiden / Siste nytt / Stolar og pultar mm. til Afrika
Ole Erik, vår mann i Namibia, og skolen (tilsette og elevrådet) samarbeider no om å få pultane o.a. til Namibia. Der har dei god bruk for dei.
Det kostar å få ein konteinar med innhald frakta til Afrika. VG2 i transport og logistikk med lærar Geir Atle, har tatt på seg å finne ut korleis vi får varene avgarde og kva dette vil koste oss.
Ole Erik og vennene hans i Namibia har lova og ordna med mottaket.
Vi andre samarbeider om få tak i nok pengar til frakta.
Fagforbundet og Utdanningsforbundet i Surnadal vil bidra med noko økonomisk støtte.
Resten av utgiftene har vi tenkt å få tak i på denne måten:
Tysdag 4. desember vil vi (tilsette og elevar) arrangere bokloppemarked (utrangerte, men fullt lesbare, gode bøker frå skolebiblioteket) og basar i kantina på skolen. Bente frå skolekantina bidreg slik at dei som tek turen på arrangementet kan kose seg med kaffe og kaffebrød.
Kanskje vi kan skaffe oss andre sponsorar også (eks. basartingar, annonsering).
Fleire opplysningar kjem etterkvart.


