/ Forsiden / Siste nytt / VALFRITT PROGRAMFAG TOPPIDRETT
I vg1 kan elevar ha 5 timar toppidrett i tillegg til dei 30 obligatoriske timane.
I vg2 og vg3 kan dei ha dei 5 timane som ein del av dei 30 obligatoriske timane.
Elevane kan ha toppidrett på alle tre årstrinna eller på eitt eller to av dei.
Dei som tek valfritt programfag toppidrett, vil få 7 timar for veka med fysisk aktivitet/trening som ein viktig del av innhaldet (toppidrett + kroppsøving).
Innhaldet i faget:
Faget er for dei som vil satse på idretten sin; dvs for dei som driv ein idrett og har eit seriøst forhold til trening.
Faget inneheld ein teoridel, men stor vekt blir lagt på aktivitet/trening.
Faget går ut på å spesialtrene innan ein idrett; på Surnadal vidaregåande skole satsar vi på å tilby fotball og ski nordisk, men det kan etter avtale vere mulig å satse på ein annan individuell idrett.
Læreplanen i faget er ein del av læreplanen i det studieførebuande programmet idrettsfag. Den kan finnast på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.


