/ Forsiden / Studietilbod / Vg2: Barne- og ungdomsarbeidarfag
Opplæringen på vidaregåande kurs I barne- og ungdomsarbeiderfag legg grunnlaget for arbeid i pedagogiske og sosiale institusjonar som barnehagar, skoler, fritidsordningar og klubbar. Opplæringa er også relevant for personar som innehar støttefunksjonar innan undervisning i offentleg og privat organiserte tilbod til barn, ungdom og vaksne.
Det viktigaste redskapet vi har i praktisk pedagogisk arbeid, er mennesket sjølv, dets kunnskaper og holdningar som vises gjennom aktivt engasjement, praktiske ferdighetar og vilje til å ta medansvar. Opplæringa består av prosess- og modningsfag der elevane må bruke sine kunnskaper, vise sine ferdigheter og utvikle positive haldningar i samspel med andre. Helhets-tenking med bl.a. integrering av teori og praksis, er derfor nødvendig.
Opplæringa er lagt opp slik at den gir eit godt og bredt utgangspunkt for å ruste barn, unge og vaksne med ulike forutsetningar til å meistre livets oppgåver, og til å få ein meiningsfull tilværelse.
Det er viktig at elevane lærer å arbeide sjølvstendig og kan kommunisere åpent med andre. Opplæringa må stimulere elevane til livslang læring gjennom å vedlikehalde og videreutvikle sin kompetanse slik at elevane kan fungere som integrerte mennesker.
Elevane vil gjennom opplæringa få forståelse for forhold som påvirker menneskers opplevelser, atferd og livssituasjon, samt forhold som kan føre til helsemessige og sosiale problemer. Elevane vil lære å utvikle haldningar som innebærer toleranse, likeverd og respekt i mellom-menneskelege forhold og personleg innsikt i eigen utvikling.
Vidaregåande kurs I i barne- og ungdomsarbeiderfaget legg grunnlaget for opplæring i bedrift i barne- og ungdomsarbeiderfaget
For å bli teket inn på vidaregåande kurs I barne- og ungdomsarbeiderfag må søkjaren normalt ha bestått grunnkurs helse- og sosialfag eller tilsvarande. Det vises til forskrift om inntak til vidaregåande opplæring.
Vidaregåande kurs I barne- og ungdomsarbeiderfag er normalt 1-årig.
Vidaregåande kurs I barne- og ungdomsarbeiderfag består av studieretningsfag, allmenne fag og valfag.
Moduler
Læreplana er delt inn i moduler for å kunne ivareta ulike gruppers behov for å byggje mindre deler av opplæringa saman til en definert kompetanse
Grunnlag for vidare opplæring
Som hovedregel er fullført og bestått vidaregåande kurs I grunnlag for å teikne lærekontrakt eller inntak til vidaregåande kurs II i studieretningen. Det vises til tilbodsstrukturen for vidaregåande opplæring.
Vidaregåande kurs I på yrkesfaglege studieretningar er også grunnlag for å kunne bli teke inn på eit videregåande kurs II (VKII) allmennfagleg påbygging.
Det vises til forskrift om inntak til vidaregåande opplæring.
Fagbrev og svennebrev
For å oppnå fagbrev eller svennebrev, må det avlegges prøve i faget etter lov om fagopplæring i arbeidslivet og gjeldande forskrifter.
Annen yrkeskompetanse
For yrkeskompetanse som ikkje er knytt til fagbrev eller svennebrev, får man vitnemål etter 3-årig vidaregåande opplæring i skole.
Dokumentert delkompetanse
Kompetansebevis gis som dokumentasjon for fullført del av eit fag (ein modul eller i særskilte tilfeller del av ein modul).
Karakterbevis gis som dokumentasjon for bestått fag (fag som del av eit kurs).
Generell studiekompetanse
Kravet til generell studiekompetanse er fullført og bestått 3-årig vidaregåande opplæring med grunnkurs, vidaregåande kurs I og vidaregåande kurs II eller fagbrev/svennebrev.
Dessutan kreves det kunnskaper tilsvarende eit bestemt nivå i dei felles allmenne faga:
|
Årstimer |
Gjennomsnitt uketimer |
|
|
Norsk |
523 |
14 |
|
Engelsk |
187 |
5 |
|
Samfunnslære |
75 |
2 |
|
Nyare historie |
150 |
4 |
|
Matematikk |
187 |
5 |
|
Naturfag |
187 |
5 |
|
Til saman |
1309 |
35 |
Utgangspunktet for undervisningstimetalet er samla timetal på årsbasis. Gjennomsnittlege uketimar er årstimetal dividert på 38. Jfr. arbeidstidsavtalen der det forutsettes at undervisningen skal legges over 190 dagar fordelt på 38 veker.
Dei felles allmenne faga frå grunnkurs og videregående kurs I på alle studieretningar gir delkompetanse i forhold til generell studiekompetanse.
For elevar som har avslutta fagopplæringen med fagbrev eller svennebrev eller anna yrkeskompetanse, er det muleg å få generell studiekompetanse ved å ta dei resterande felles allmenne fag.
Etter grunnkurs og vidaregåande kurs I ved ein av dei yrkesfaglege studieretningane kan generell studiekompetanse oppnås også gjennom eit VKII allmennfagleg påbygging.
Elevene må da ta dei resterande felles allmenne fag og i tillegg velge studieretningsfag frå studieretning for allmenne- og økonomisk/administrative fag; til saman minst 30 veketimar


